17. juli 2015

Hytte ved Skogseidvatnet


Det er overnattingsplass i andre høgda i naustet
Naustet på Tegland ligg fint til under nokre store gamle bøketre
Stova i naustet, med dobbel sovesofa
Eit lite soverom med plass til to
Kjøkenet - og stigen opp til hemsen
Utsikt mot Berge i nordvest


25. april 2015

Fisken bit

No er aurefisket i gang. Insekta klekker, og det er tatt fleire fine fiskar dei siste dagane. So no er det tida for å ta turen til Skogseidvatnet for å fiska. Om nødvendig be seg fri frå jobb, få bestemor til å henta i barnehagen og setja kursen mot Hålandsdalen. Me har enno ledige båtar dei fleste dagane, men pågangen aukar med det gode fisket.

28. februar 2015

Møt våren ved Skogseidvatnet

  
Våren er tid for fiske i Hålandsdalen

Me har båtar og gode elektriske motorar til leige.
I sesongen er det rift om båtane, so ta kontakt i god tid.

4. november 2014

Stengt for vinteren

Me stenger hytta for utleige i vinter. Flaumen i Skogseidvatnet siste veka i oktober gjorde ein del skade, men me satsar på at alt er klart til vårfisket. På det høgste stod vatnet ca 3,2m over normalen, her litt lågare.









  
Me tek imot bestillingar for våren gjennom heile vinteren.

24. august 2014

Haustfiske i Hålandsdalen

Garnsesongen opna 15. august. No er tida for dei som ønsker å fylla fryseboksen før vinteren. Det er gode plassar å setja ut garn rett ved naustet. Det kan òg vera godt stangfiske utover hausten.

Ta kontakt for leige av hytte eller båt.

21. juni 2014

Det gode liv i Hålandsdalen


Kva med nokre feriedagar eller ei avslappande helg i Hålandsdalen i sommar? Me kan tilby hytte i vasskanten ved eit av landets beste fiskevatn. Her er det ei eiga, lita strand og både båt og kano. I sommar får du låna kano gratis om du overnattar i hytta. 

Hålandsdalen har mykje spennande å by på både når det gjeld natur og kultur. Hytta er elles eit glimrande utgangspunkt for ferie i Fusa og området ikring.

For deg som berre ynskjer ein fisketur eller ein dagstur på vatnet, har me nye båtar og stillegåande el-motorar til leige, sjølv om hytta skulle vera utleigd.  

Ta kontakt på 91887351 eller 47618490.

27. april 2013

Morgonstemning

Skogseidvatnet laurdag morgon. Kanskje ligg det enno litt is ved holmane lengst sør i vatnet, men i går såg me båt på vatnet. Hegra har alt vore her ei stund og sjølv om det er nysnø på fjella kan me vel seia at våren er komen for å bli.